torsdag 29. oktober 2020
av og til tenkjer eg på deg som andletslaus; andletet eit blankt, kvitt lerret. du er korkje daud eller levande. du er både daud og levande. du er liksom ikkje deg. men så hugsar eg det jo, at du er, eller var, deg, akkurat deg, og at du hadde ditt eige andlet, ditt eige gode, lyse andlet som berre var ditt. eg må aldri gløyme det andletet.
tirsdag 27. oktober 2020
du som søv for lite
eller for mykje
du som finn lysglimt
i den mørkaste vinternatta
og du som ikkje finn dei
eg veit kva du tenkjer
eg veit kva du tenkjer
når du overnattar åleine
i skogen
inni deg
men eg er på veg
eg er på veg
hald ut
eg kjem med hovudlykt
og proviant
pledd og snacks og bøker
eg kjem med dyra våre
eg kjem med håp
og nye draumar
eg er
noko du har gløymt
eg er her
eg kjem no
Abonner på:
Innlegg (Atom)