onsdag 18. november 2020


eg skimtar han
gjennom vindauget
i øvste etasje
det står på gløtt
eg veit at han vil 
forsøke
å lure meg
igjen
kan ikkje gjere anna
enn å drage ned rullgardina
drage for gardinene
blokkere dørene
eg veit 
at det berre er eit spørsmål om tid
han kjem seg alltid inn 
til slutt

torsdag 29. oktober 2020


av og til tenkjer eg på deg som andletslaus; andletet eit blankt, kvitt lerret. du er korkje daud eller levande. du er både daud og levande. du er liksom ikkje deg. men så hugsar eg det jo, at du er, eller var, deg, akkurat deg, og at du hadde ditt eige andlet, ditt eige gode, lyse andlet som berre var ditt. eg må aldri gløyme det andletet.

tirsdag 27. oktober 2020

du som søv for lite

eller for mykje

du som finn lysglimt

i den mørkaste vinternatta

og du som ikkje finn dei

eg veit kva du tenkjer

eg veit kva du tenkjer

når du overnattar åleine

i skogen 

inni deg

men eg er på veg

eg er på veg

hald ut 

eg kjem med hovudlykt

og proviant

pledd og snacks og bøker 

eg kjem med dyra våre

eg kjem med håp 

og nye draumar

eg er 

noko du har gløymt

eg er her

eg kjem no